Slaget om Moifjellet

Denne teksten er lånt fra

Frå toppen av Moifjellet i Bjerkreim ser me vidt ut over det høg-jærske landskapet og det lågare terrenget mot havet. Det er også eit praktisk utkikkspunkt for den som vil få oversikt over øydeleggingane etter den første runden med massiv vindkraftutbygging. Nå står me overfor ei ny bølgje med vindkraftplanar, og det første slaget står nettopp om Moifjellet.

 

 

 

Det skulle ikkje vera mogleg, men statens eige kraftselskap prøver seg på nytt med ei utbygging som fekk avslag av staten i 2012. Grunnen var tap av verdifull natur, oppstykking av naturlandskapet og store konsekvensar for rovfugl. Argumenta i avslaget frå Olje- og energidepartementet gir ei god oversikt over kva som står på spel også denne gongen. Området er dessutan mykje brukt til friluftsliv. Ein brei allianse av miljø- og friluftslivsorganisasjonar seier nei til utbygginga.

40 vindturbinar som er 200 meter høge, med tilhøyrande arealinngrep i form av breie anleggsvegar og store oppstillingsplassar, er jo i utgangspunktet ikkje ei gladsak. Derfor blir planane heller presentert som redninga for kommuneøkonomien. Inntekter frå eigedomsskatt og produksjonsavgift kan bli viktige når statlege overføringar ikkje strekk til for å finansiera grunnleggande velferd. Men naturen kan berre seljast éin gong.

Statkraft reklamerer også med at Moifjellet vindkraftverk kan gi straum til 53.000 husstandar. Det er å føra folk bak lyset. For det er ikkje husstandane som skal ha straumen. Statkraft burde heller opplysa om kor mange oljeplattformer som kan elektrifiserast og kor mange datasenter som kan driftast med straumen frå dei 40 turbinane. Det hadde i det minste vore ærleg.

Det forventa auka kraftforbruket i Noreg går særleg til desse formåla, i tillegg til elektrifisering av transport. Det blir heilt feilaktig framstilt som eit auka «behov» for kraft. Sanninga er at det er kjøpesterke olje- og teknologiselskap sin etterspørsel som nå får setta premissane for kraftutbygginga i Noreg, ikkje samfunnsmessige behov.

Ønsket om kraft til landbasert industri og fornuftige klimatiltak er forståeleg, men dette kan me berre innfri gjennom betre styring og kontroll med krafta. Førstemann til mølla-prinsippet for tildeling av straum øydelegg både for natur og industri. Dersom marknad og kjøpekraft skal fortsetta å avgjera kraftforbruket, vil landet bli teppelagt av datalagringshallar og vindturbinar utan at det sikrar ein einaste industriarbeidsplass.

Og her er me ved sakas kjerne. Dei store vassdragsutbyggingane var ikkje mindre øydeleggande for natur og friluftsliv enn dagens vindkraft. Men den gongen fanst det ein samfunnskontrakt, der naturen vart ofra for ein tydeleg gevinst i andre enden: Lys og oppvarming i husa våre, og industriproduksjon som la grunnlag for arbeid og velferd. Den samfunnskontrakten finst ikkje lenger.

Fellesskapet og me folkevalde representantar har ingen kontroll med kva krafta skal brukast til, og heller ikkje makta til å avgjera straumprisen. Då blir det den sterkaste sin rett som rår.

Nå har Stortinget stemt over delar av den energimarknadspakken frå EU som vil binda oss endå tettare til marknads-masta. Sjølvsagt er det mogleg å snu også etter dette. Men det vil krevja endå meir handlekraft og vilje til å styra. Særleg Ap og Høgre har dei siste tiåra vist det motsette.

Den naive tiltrua til at EU og marknad skal løysa kraftfloken, er ikkje berre ei solid mistillitserklæring til demokratiet. Det er også ein stø kurs mot meir bråk om vindkraft.